Invasjon!

av Jonas Hassen Khemiri
Regi: Frode Gjerløw

Kven og kva er Abulkasem?  Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelegeEin identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Abulkasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska. 

Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordømming i sving og stiller betimelege spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Hans leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland.  

Regissør Frode Gjerløw har tatt fatt på Khemiri si fortejling med hovudet og hjarte som kompass. Saman med skodespelarane leitar han etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn. Han spør; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon! 

"Det er leikent, dette er fysisk teater, med heftig dans og raske kostymeskift, dei fem skodespelarane har eit imponerande tempo inn og ut av roller, inn og ut av kostyme. Slik er også det multietniske samfunnet. Rollene er utfordrande, men det er tydeleg at alle skodespelarane elskar det dei gjer, dei leikar og dei gnistrar."

scenekunst.no

"Det er scener ein kjenner seg att i, pinlege augneblinkar, komiske situasjonar, vonde små historier. Det er latter som vert sitjande fast i halsen og tårer som ingen veit heilt kor kjem i frå. Er det medkjensle for dei som aldri vert norske nok, eller utanlandske nok? Eller er det skamtårer over eigne avkledde fordommar?"

scenekunst.no

Medvirkende

Forestillingene på Teater Manu blir tegnspråktolket.

 

Av: Jonas Hassen Khemiri
Omsetjing: Kristin Auestad Danielsen
Regi: Frode Gjerløw
Scenograf: Frode Gjerløw med bidrag frå bebuarar på Førde mottakssenter
Kostymedesignar: Frode Gjerløw
Lyddesignar: Ross Flight
Lysdesignar: Krystian Myska
Teaterforlaget Colombine

Skuespillere: Frode Gjerløw, Idun Losnegård, Kadir Talabani, Reidun Melvær Berge og Thomas Bipin Olsen

fre 08. jun kl 19:30 Oslo Teater Manu
lør 09. jun kl 16:00 Oslo Teater Manu